1-2-TRE - av Mette Karlsvik

assets/Uploads/_resampled/SetWidth150-1-2-TRE.jpg

1-2-TRE er Mette Karlsvik si første bok for barn. Den handlar om dei tre venninnene Asta, Guro og Linnea, alle saman 11 år, og busett på den vesle øya Snerken (eg mistenker at det kan dreie seg om Skorpa) som ligg nordvest for Kristiansund. På Snerken bur det fjorten menneske, ein lama og ein fuglehund, i boka blir vi kjende med dei aller fleste av dei.

No er det sommarferie, og dei tre jentene bestemmer seg for å lage ein klubb, miljøvernklubben Tre. Det er nemleg slik at Snerken er flat som ei pannekake, og havet skal ikkje stige meir enn ein meter før husa på Snerken vil stå under vann. I følgje Færg-Alf, som er billettør på Fredø, den vesle ferja som går mellom Snerken og Kristiansund, har havet stige med 38 centimeter sidan i forfjor på grunn av den globale oppvarminga. Ting hastar!

Jentene bestemmer at klubben må halde til under det einaste treet på øya, som har krone "som er så stor og tett som eit tak". Der vil dei vere trygge for flaum! Det viser seg at nokon har bygd ei hytte i treet, hytta liknar ei oljeplattform i miniatyr og har til og med veranda. Jentene kallar hytta for Arken, og innreier ho med ting frå Dynga. Dynga er den plassen Snerkenfolket kastar ting dei  ikkje har bruk for lengre.

Av dei tre jentene er det Asta som er den handlekraftige, oppfinnsame og sjølvstendige, men Asta har sitt å streve med. Asta si mor, Und, tidlegare kalla Under fordi ho var uvanleg god til å spele bassgitar da ho gikk på musikklinja saman med Frode (Alnes), er berre "ei halv mamma". Und var bare seksten år då ho blei gravid, no jobbar ho på Bacalaofabrikken heile dagen og søv på sofaen resten av tida. Det er ikkje greitt å vere Asta, som her på s. 33 når dei to andre jentene skal  heim å ete Taco, medan hos Asta er det slik: "Mamma, kviskrar Asta, dyttar i armen til Und og prøver å lage ein armkrok av han. Men Und ligg som eit foster, som dei seier når ein ligg samankrøkt. Ho er så lita som det berre går an. Det ser ut som om ho helst ikkje vil vere her i det heile teke. Ho er så kvit og kald i kinna og på fingrane at Asta blir redd for at ho nesten er ...daud."  Ting er ikkje som dei skal vere i Brynnvegen 1 på Snerken.

Denne sommaren og miljøklubben Tre blir starten på noko nytt for Asta. For det er ikkje berre alvor når dei tre jentene skal redde verda frå global oppvarming, dei kan jo sjå at det fins positive ting med at det blir varmare og! Som at Snerken nesten blir som Mexico og at jentene ryddar Dynga for å arrangere ein skikkeleg  Mexicofest med bål, så alle på Snerken kan bli ein stor Mexicofamilie. Mexicotemaet er elles eit tema som går igjen som ein raud tråd i denne boka.

Jentene ror til Dødeladen og spør Frode Alnes om å komme å spele på festen, og det vil han gjerne viss han kan få Bacalao som er det beste han veit. Det blir bålfest, heit Bacalao med ekstra mykje spansk pepar, musikk og gryande kjærleik. Og Und ,som i følgje Frode Alnes ein  gong var "det heitaste kjei på alle fire øyane", blir dradd ut av apatien og blir igjen den bassgitarspelande Under.

1-2-TRE er ei bok som gjer meg både glad og trist. Noko av det beste med ho er språket, det er spenstig og oppfinnsamt, og det står sers godt til handlinga i boka. Handlinga er episodisk, men likevel er dette ei forteljing som kan lesast fortløpande. Eg liker Mette Karlsvik sin fabulerande og ikkje heilt realistiske stil, den er som ein frisk pust. Her er det plass til både alvor og humor. Boka handlar om einsemd, om venskap og om kjærleik i tillegg til den ytre handlinga som tek for seg miljøspørsmål.

Denne boka anbefaler eg til alle som liker ei god forteljing med godt språk. Ho egnar seg sers godt til høgtlesing for mellomtrinnet på barneskulen, men mange vaksne vil nok og kjenne seg att og humre når dei les denne boka.

Anbefalt av Elisabeth Soleim

 

Post din kommentar

Kommentarer

Ingen har kommentert på denne siden enda

RSS for kommentarer på denne siden | RSS feed for alle kommentarer