Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

Sophie Kinsella:

Audrey ut av mørket

Audrey ut av mørket

Fjortenårige Audrey Turner er livredd menneske og pratar ikkje med andre enn familien og Dr. Sarah. Ho går ikkje ut av huset, og unngår andre sine blikk ved hjelp av mørke solbriller. Ho bur saman med si bekymra mor, sin avslappa far, veslebroren på fire, og den jamgamle storebroren som er heilt hekta på dataspel. Han drøymer om å vinne førstepremien i eit meisterskap, men draumen blir knust av mor – som knuser datamaskina.

Broren har ein kompis som heiter Linus, og han viser interesse for Audrey. Han vil vere mild og trygg, men samstundes hjelpe ho. Om kroppskontakt er vanskeleg, kanskje dei kan prøve skokontakt?

«Audrey ut av mørket» er Sophie Kinsella – som er verdskjend for Shopoholiker-serien – si fyrste ungdomsbok. Ho skriv realistiske og hysterisk morosame dialogar, spesielt mellom mor og son, og karakterane både held kvarandre i balanse og flippar kvarandre ut. Boka er med på å skape forståing kring psykisk helse og illustrerer godt kva konsekvensar eit traume som mobbing kan få.

Boka anbefalast varmt til all ungdom, men vaksne vil nok òg (heilt sikkert!) ha glede av å lese ho.

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av