Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

Rainbow Rowell:

Fangirl

Fangirl

Fanfiction og forviklingar! Cath og Wren er einegga tvillingar som alltid har hengt saman som erteris, og saman har dei delt ei stor interesse for bøkene om Simon Snow og trollmannsskulen, ein fiktiv serie lik Harry Potter. Særleg Cath har vore aktiv med skrivinga, under namnet Magicath. No er tida komen for å studere på universitetet. Wren er overmoden og superklar for å flytte heimafrå, mens Cath kvir seg til absolutt alt. Mens Wren fordjupar seg i studentlivets gleder, sitt Cath utilpass heime på hybelen og klamrar seg fast i den fiktive verda ho er så glad i. Fangirl er ei engasjerande historie med karakterar som er lett å kjenne igjen. Det handlar om om å ta det første steget ut i vaksenlivet, om fiksjon og verkelegheit, og om å gje slepp samtidig som ein gjer plass til noko nytt.

Del på facebook
Rainbow Rowell:

Eleanor & Park

Eleanor & Park

1986, Omaha i Nebraska. 16 år gamle Eleanor flyttar til byen saman med familien sin. Ho har raudt hår, rare klede, og blir umiddelbart hakkekyllingen frå den dagen ho tek sin første tur med skulebussen. Park sitt på den same bussen, og håpar Eleanor ikkje sett seg på setet ved sida av han. Men det gjer ho. I tida som kjem deler dei musikk, teikneseriar, oppturar og nedturar. Og annleisheita. Den dagen på bussen var byrjinga på noko større enn dei kunne tenke seg. Eleanor & Park er ei nostalgisk og varm historie om to uvanlege menneske, og ei skildring av ein stor kjærleik.

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av