Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

Alf Kjetil Walgermo:

Kjære søster

Kjære søster

Lillesyster Amalie er død og storesyster Eli Anne treng ein stad kor ho kan handtere sorgen og snakke med systra si. Ho begynner å skrive til Amalie på tidslinja hennar på facebook, sjølv om far deira vil at Eli Anne skal slette profilen. Eli Anna skriv kvar dag små tekstar som berre ho sjølv kan lese, om korleis ho har det, kva ho føler, ho skriv om Amalie og bandet hennar, om Erlend og om det uppgjorde dei imellom, det ho så gjerne skulle har retta opp i.

Då eg las boka kunne eg verkelig kjenne på Eli Anne sin sorg og frustasjon. Eg kjende kor vondt ho hadde det og kunne forestille meg følelsen av å sitje igjen med noko ein gjerne skulle ha sagt, men som ein ikkje rakk å seie før det var altfor seint.

Kjære søster er ei fin, lita facebook-bok om sorg og følelsar, om dei to systrene som var bestevenner og om korleis det er å plutselig berre vere ei syster igjen.

Del på facebook
Ida Løkås:

Pappa er et postkort

Pappa er et postkort

Kvart år på bursdagen sin har Una fått eit postkort frå faren der det står «Gratulerer med dagen. Hilsen pappa.» På den sekstande bursdagen kjem det ikkje noko postkort, og Una vert naturlegvis lei seg og byrjar å lure på kvifor, på kva som har skjedd som gjer at far hennar ikkje lenger sender ho kort. På kvelden har ho fest og då treffer ho filmstudenten Leo. Leo vil lage ein dokumentarfilm om Una og den fråverande far hennar, og saman byrjar dei å leite etter nokon dei ikkje veit kven er.

«Pappa er et postkort» er ei lettlest lita bok om sakn og lengsel etter noko ukjend, om ein skodespelarmamma som stadig er på farta og ei mormor som er der, men som ikkje alltid er der likevel. Ei fin bok det går kjapt å lese, for ein kan ikkje unngå å bli nysgjerrig på kvifor Una sin pappa sluttar å sende postkort, på kven han er, og på om ho greier å finne han til slutt. 

Del på facebook
Synne Sun Løes:

Stille, stille, stille

Stille, stille, stille

Tove er 18 år og har ingen andre vener enn far sin. Dei to lever eit ganske stille og roleg liv saman og har ikkje hatt besøk på fleire år. På 18 årsdagen sin fortel faren Tove at han har kreft. Han kjem til å tilbringe mykje tid på sjukehuset framover og Tove bestemmer seg difor for å ta eit friår i frå skulen. Og akkurat i det faren sakte byrjar å forsvinne byrjar det ein ny gut i klassa. Han heiter Julian og ser ut til å ville bli kjend med Tove. Julian blir Toves fyrste ven, - akkurat når ho treng det mest.

Dette er både ei trist og litt morosam historie. Ei historie om einsamheit, angst og venskap. Ei bok mange godt kan kjenne seg igjen i. Ei bok det er lett å lese, med eit språk ein berre flyt seg gjennom. Ein kan verkeleg kjenne Tove sine følelsar i kroppen når ein les, og då veit ein at boka er god. Veldig fint, som alltid, frå Synne Sun Løes.» 

Del på facebook
Lars Mæhle:

Landet under isen

Landet under isen

Vil du lese ein verkeleg spanande fantasyroman med handling i frå Noreg, så er dette boka! Historia er lagt til ei lita bygd i Noreg, ved foten av Jostedalsbreen, og også under sjølve breen. Dette nære i forteljinga gjer den ekstra uhyggeleg. Ein vert dratt inn i historia frå fyrste side og ein klarer ikkje å vente med å lese meir. Fire ungdomar er sakna frå bygda, no er beinrestar funnen og politiførstebetjent Jerstad kjem til staden for å etterforske forsvinningane.

Dei siste åra har det kome svart røyk frå ein stad under isbreen og for nokre år sidan forsvann ei gruppe forskarar under ein ekspedisjon på breen. To av forskarane som forsvann var foreldra til Leo Rubin, ein av dei forsvunne ungdomane.

 

Boka beveger seg i tid og handling mellom etterforskinga som Jerstad og teamet hans no utfører og den andre hovudpersonen Leo Rubin, som vi fylgjer frå tida før han forsvann. Desse to tidene møtast til slutt i boka. Ein stor del av handlinga er ei detektivhistorie, men her er fullt opp av fantasy med munkekattar, hemmelege sekter, den utvalde, sju protokollar, Den svarte munken og kampen mellom det gode og det onde.   

Boka passar godt for lesarar frå 6. klasse og oppover og egnar seg også bra til høgtlesing, då det er ei tjukk bok. Men, dette er også absolutt spanande lesing for eldre ungdom.

”Landet under isen” kom ut i 2009 og vart tildelt Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok det året. Den har også vunne Uprisen, Fabelprisen og vart også nominert til Brageprisen. Boka er skrive på nynorsk.  Har du ikkje lese den enno, er det berre å forte deg til biblioteket!

 

Del på facebook
John Green:

Hvem er du, Alaska?

Hvem er du Alaska

Miles «Klumpen» Halter har ikkje mange vener heime i Florida. Han bestemmer seg difor for å flytte og begynne på Culver Creek Pensjonatskole i Alabama. Her blir han vener med romkameraten «Obersten», Takumi, Lara og den pene, beleste, mystiske Alaska Young. Dei blir straks ein gjeng og gjer alt dei kan for at skuledagane skal vere så lite kjedeleg som mogleg. Boka startar med kapittelet «Hundre og trettiseks dager før» og saman med Miles og venene hans beveger vi oss sakte mot kapittelet «Den siste dagen» og del to av boka, «Etter», og heile tida forstår vi at noko skal skje, at noko skal forandrast, og når det skjer, då blir ingenting igjen som før. 

John Green skriv fantastiske bøker for ungdom, bøker det er vanskeleg å legge frå seg. Språket er så lett og fengande at ein nesten følar at ein rasar gjennom det, og vips, så er ein ferdig med boka og vil berre ha meir, meir, meir.

Om «Hvem er du, Alaska?» skulle falle i smak utkom også «Faen ta skjebnen» på norsk i 2013. Filmatisering av denne boka kjem på norske kinoar i juni i år.

«Hvem er du, Alaska?» er John Green si fyrste bok.

Del på facebook
Magnhild Bruheim:

Det som er sant

Det som er sant

Linn har endeleg fått seg ein besteven i Solveig. På kort tid har dei vorte gode vener og no er dei på fest. Til Hanna. Som Linn eigentleg ikkje er ven med, på grunn av det som hende sist vinter. Men så skjer det noko forferdeleg. Hanna seier at Sander har valdteke henne. Sander nektar. Og medan Solveig støttar Hanna frå fyrste stund, veit ikkje Linn kven ho skal stole eller tru på. For kven er det som snakkar sant? Ho som vende alle mot Linn sist vinter, eller han som Linn er forelska i?

Ei lita men samstundes spanande nynorskbok som det er vanskeleg å leggje frå seg. Forfattaren skriv godt om både forelsking og venskap, om det å plutselig stå der åleine, utan heilt å vite kva eller kven du kan støtte deg på. Tru på. Og ein besteven, som du plutseleg mistar taket i og ikkje veit heilt kor blir av.

Tommelen opp frå meg. 

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av