Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Hilde Myklebust:

Ylva og villgeitene

Ylva og villgeitene

I denne boka møter vi Ylva og pappa som er på veg til sommarhuset ute ved havet.  Stien går oppover ei bratt fjellside, og Ylva må vere både varsam og modig.  Brått står villbukken Svartskjegg framføre dei på den smale stien. Då vert både Ylva og Pappa redde, for Svartskjegg hadde tidlegare både jaga folk og stanga folk på sjøen!  Pappa vil kaste plankane på bukken, men Ylva ville prøve noko heilt anna. Ho hentar fram eit pølsebrød frå ryggsekken sin og strekkjer fram handa si mot Svartskjegg.  Varsamt nærma Svartskjegg seg Ylva og det skjer eit vakkert møte mellom villbukken og den vesle jenta. Seinare i boka skjer det noko dramatisk og då er det villbukken Svartskjegg som vernar Ylva.

Dette er ei bok om å leve i samspel med naturen og ta vare på alt levande. Det er ei bok om å vere modig i møte med det framande, og ha mot til å hjelpe andre. Mellom linjene les eg også om den gode relasjonen mellom far og dotter. Ein forelder som har lete barnet sitt ta i bruk naturen ikring seg og eit barn som har lært seg å bruke og meistre den.

Boka har eit nydeleg språk, og har for det meste korte, presise setningar.  Det er jamn fordeling mellom bilde og tekst. 
Boka er illustrert av Akin Duzakin, og bileta skildrar både storslått natur og detaljer på ein framifrå måte. Det er ein effektfull sterk kontrast mellom den lyse bakgrunnen og den mørkare delen av illustrasjonane. Det er som om den lyse bakgrunnsfargen løftar fram dei mørkare elementa i bileta!  Akin Duzakin har vunne fleire prisar, og eg synes at dette er noko av det beste Duzakin har gjort.

Forfattar Hide Myklelbust er frå Syltedalen i Vanylven, og ho har  tidlegare skrive fleire diktsamlingar og ein roman for vaksne, samt to barnebøker.

Boka passar som høgtlesingsbok for barn frå 5 år og oppover. Boka er ganske lett å lese, og eg trur handlinga kan fange barn langt opp i alder. Boka er ein kjærkomen tilvekst til ein underernært flora av barnebøker på nynorsk, som barn frå ca. 3. klasse kan klare å lese sjølv.

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag -  torsdag 10 - 19

Fredag 10 - 16

Lørdag 10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av