Landet under isen av Lars Mæhle

assets/Forsider-til-boktips/_resampled/SetWidth150-Landet-under-isen.jpg


Handlinga tek til i Smalvik, ei lita bygd inst i ein fjord. Magne Jerstad, førstebetjent frå Kripos, er kalla ut på oppdrag. Fire ungdommar, som har vore sakna eit heilt år, er funne som knokkelrestar i fire graver i kjellaren på eit gammalt gods. Dei fire ungdommane er langt frå dei einaste som er meldt sakna i Smalvik. I løpet av ein 10 års periode, har eit titals menneske blitt borte frå bygda. Stort sett forskarar, som har kome til bygda for å forske på den mystiske røyken som har lagt seg som eit lokk over Smalvik.

Magne Jerstad kjem til Smalvik i den tru at dette dreier seg om ei drapssak, men det viser seg snart at denne saka handlar om mykje meir enn det. Som lesarar blir vi tekne eit år tilbake i tid, og blir kjende med Leo Rubin, ein av dei sakna ungdomane. Han går på ungdomsskolen i bygda, og blir stadig hersa med og mobba av dei andre elevane i klassen sin. Ein dag begynner det to nye elevar i klassen til Leo, Maria Magli Marabini og Duban Achmed, og begge vil til Leos store overrasking bli ven med han.

Det viser seg at Maria og Duban er sendebod frå Landet under isen. Landet under isen er eit gløymd land under isbreen som ligg ved foten av Blånebb, fjellet som tronar inst på breområdet. Det er frå den denne breen at den svarte røyken kjem veltande opp, og truer med å kvele Smalvik. Maria og Duban er komne for å hente Leo. For Leo er Den utvalde, som skal redde verda, både sin eigen og Landet under isen, frå å bli teke over av Den svarte Munken. For å greie det må han komme seg til Landet under isen, finne sju protokollar, kjempe mot Den svarte Munkens hjelparar, Munke-kattene, og forsøke å finne ut kven forrædaren er. Inga enkel oppgåve for ein ungdom som har blitt kasta inn i dette eventyret motvillig, og heilt utan tidlegare kjennskap til at han skulle vere ein utvald.

Frå no av vekslar handlinga mellom det som skjer i dag, i denne verda med Magne Jerstad, og kva som har skjedd med Leo og venene hans det siste året, medan dei har vore i Landet under isen. Handlinga skyt fart, og som lesar sit ein etter kvart med hjertet i halsen. Kva kjem til å skje med Leo, kan han verkelig greie denne oppgåva, eller må han gi tapt for dei mørke kreftene som gjer seg stadig meir gjeldande.

På mange måtar kan dette seiast å vere ein tradisjonell fantasyroman, men romanen har og islett av kriminalforteljinga i seg. Det gjer handlinga meir truverdig og spennande, og gir boka framdrift. I handlinga finn ein referansar til andre fantasyromanar som til dømes Ringenes herre, men og til mytologi, religion, segn og eventyr. Lars Mæhle har for eksempel på ein fin måte greidd å gi dei tre ulike stammane som bur i Landet under isen kvar sin religion, som liknar svært på dei tre verdsreligionane kristendom, jødedom og islam. Grunnleggaren av Landet under isen heiter i boka Abrahamsen, og i boka er han og opphavet til alle religionane. Frå sin eigen heimstad, Sunndal, har Lars Mæhle trekt inn segna om Bobbin, eit monster som bur inne i fjellet. I det heile er det tydeleg at forfattaren har lagt mykje arbeid i å finne gode kjelder og bakgrunnsreferanser da han skreiv denne boka. Han ramsar sjølv opp fleire av dei i eit etterord, og eg må ærleg innrømme at eg langt i frå kjende att alle.

Språket i boka er eit svært moderat nynorsk. Det høyrer med til historia at Lars Mæhle eigentleg skriv på bokmål, men at han streva med å få antatt manuskripta sine heilt til han begynte å skrive på nynorsk. Mange ungdomar kvir seg for å lese ei bok på nynorsk. Etter mi meining er det heilt utan grunn når det gjeld denne boka, som har eit svært enkelt, men og vakkert og variert språk.

Denne boka kan lesast på fleire nivå, Leo skal ikkje berre kjempe mot dei synlege fiendane sine, han har og sine indre demonar som han må kjempe mot for å klare å finne dei sju protokollane. Det er kampen mellom det gode og det vonde som ber handlinga i denne romanen. Djupast sett handlar Landet under isen om å være villig til å satse alt for å overvinne ondskapen, og om å tru på seg sjølv, men likevel ha evna til å vise medkjensle for andre. I det heile er dette ein breitt anlagt tekst, som tar for seg dei store og eksistensielle spørsmåla i menneskeliva.

Boka var nominert til Brageprisen 2009, i kategorien beste barne- og ungdomsbøker, men nådde ikkje opp der i konkurranse med ein annan forfattar frå Samlaget, Maria Parr. Eg vil likevel driste meg til å si at dette er ein av dei beste norske ungdomsromanane eg har lest på lang tid, handlinga er god, språket er godt og ein blir heile tida driven til å lese vidare for å finne ut korleis det heile ender.

Anbefalt av Elisabeth Soleim

Post din kommentar

Kommentarer

  • SPENNENDE!!!1

    Sendt av Kathaaaaaaa, 16/02/2011 5:04pm

  • Jeg synes dette sammendraget/analysen er veldig godt forklart, og er veldig fornøyd med den! Tusen Takk!

    Sendt av Mikkel, 07/02/2011 3:51pm

  • denne er super og til å anbefalee på det sterkeste. eg er 11 år og eg leste den ut på 6 dager.WOW ikkje sant?

    Sendt av joakim, 19/10/2010 6:49pm

  • Heei, dette er en veldig bra bok :)

    Sendt av Peder, 29/09/2010 9:55am

RSS for kommentarer på denne siden | RSS feed for alle kommentarer